Lokalnytt

Opningsfest for nye Ljøtunnelen

Det er store dimensjonar og ein flott tunnel som blir opna laurdag 17. desember. (Foto: Statens vegvesen)

På laurdag 17. desember er det offisiell opning av Ljøtunnelen, og frå Statens vegvesen har vi fått tilsendt denne informasjonen.

  • Opning i Ljøtunnelen frå kl.12.00 – 12.45.
  • Det blir talar frå ordførar Jan Ove Tryggestad, samferdselssjef Arild Fuglseth, regionvegsjef Berit Brendskag Lied i Statens vegvesen og fylkesordførar Jon Aasen. Det blir underhaldning frå Sunnylven Skulekorps, dansegruppa frå Stranda Kulturskule og eit felleskor frå Stranda og Sunnylven
  • Det blir busstransport til opninga i Ljøtunnelen frå Stranda ferjekai, frå Orkla på Sve og prosjektkontoret til Statens vegvesen på Hellesylt kl. 11.15, med retur etter opninga. Det blir ikkje mogleg å parkere i tunnelen, men viss media har behov for å ta med seg bil så må vi få beskjed.
  • Folkefest i Stranda sentrum frå kl. 12.30-15.30.
  • Dørene til Kulturhuset opnast kl. 12.30, og her blir det servert kake, kaffi, saft og pølse med brød. Frå kl. 13.30-15.30 blir det underhaldning kvar halvtime frå scena.
  • Ole Ringdal og Grilstad har laga «tunnelpølse» for anledninga. Pakkane er nummerert og blir levert ut til publikum. Nummeret på pakken dannar grunnlag for ei trekning av gevinstar som gis av næringslivet i Stranda. Trekkinga blir utført laurdag ettermiddag på Storfjord Kulturhus
  • Helge Søvik og Arne Inge Tryggestad har til opninga laga eit historisk hefte om Ljøvegen. Heftet tar for seg endel historikk om Ljøvegen frå gamalt av. Heftet blir delt ut på opningsdagen.

 

Kontaktperson i Statens vegvesen: prosjektleiar Arne Ola Stavseng, mobil 901 34 713.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *