Lokalnytt

Rastryggingsprosjekt ferdig og opna

Arne Tronstad til høgre jobba på Ljøvegen som opna i 62. Her i samtale med Berit Bredskag Lied og Jon Aasen. Vidare ser vi samferdselssjef Fugelset og ordførar Tryggestad.

Det fall mange lovord under opning av Ljøtunnelen laurdag. Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr er no rastrygg.

I si helsingstale under tunnelopninga slo ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad fast at laurdag 17. desember var ein av dei største dagane i Stranda kommune si historie. Ein ny tunnel og rastrygg veg var ei av dei største julegåver næringslivet og andre vegfarande kunne få. Ordføraren tykte det nærmast var ein revolusjon å kunne køyre trygt året rundt på ein veg som hadde vore ein hemsko for utvikling av næringslivet i området.

-Mi helsing i dag går spesielt til dei som skal bruke vegen. Det har blitt ein fantastisk tunnel som er bygd etter Europeisk standard 39. Det fortel det meste om kva julegåve vi har fått, meinte ordførar Tryggestad.

Stort prosjekt

Etter ei flott oppvisning frå ei dansegruppe frå Stranda kulturskule var turen komen til samferdselssjef i Møre og Romsdal Arild Fugelset. –Trygge vegar handrar fyrst og fremst om kvardagen til folk, for rasfåre kan vere ei stor belastning. Og i ei tid med klimaendringar går det ras også på nye stader. Difor blir det viktig å prioritere rassikring også i framtida. Hellesylt – Røyr er eitt av dei største rassikringsprosjekt som har blitt gjennomført i fylket og samferdselssjefen takka fylkespolitikarane for vilje til å få prosjektet Røyr – Hellesylt gjennomført. Han retta også takk til statlege myndigheiter og til Stranda kommune for samarbeid, og til Statens Vegvesen for god og stødig prosjektering.

Fartsstripe

Berit Brendskog Lied helsa frå Statens Vegvesen. 500.000 arbeidstimar hadde blitt nedlagt i rastrygginga som hadde kosta vel en milliard kroner, og gledeleg var arbeidet gjennomført utan store hendelsar, sa ho. Ho takka kommunen, entreprenørar og spesielt Skanska. Også trafikantane fekk ros for tolmod dei hadde vist ved hindringar under byggeperioden, og ho takka eigne i prosjektleiinga, før ho gratulerte fylkeskommunen med eit flott veganlegg. Brendskar Lied retta til slutt ein peikefinger til trafikantane; Ikkje lat den nye tunnelen bli ei fartsstripe, men lat det vere ein trygg veg å ferdast på.

Prosjektleiar for bygging av Ljøtunnelen har vore Arne Ola Stavseng.

Attersyn

Prosjektleiar for den nye tunnelen, Arne Ola Stavseng hadde også teke finstasen på. Han gav fyrste eit attersyn kring vegsambandet som kom i 1962. Då var det ein grusveg og det gjekk 20 år før det vart lagt asfalt. Vegen var den gong ein revolusjon, for til dømes Stryningane kunne reise til Ålesund og tilbake på ein dag. Men vegen var langt frå rastrygg, kvar vinter var det stenging og det var behov for sikring. Eitt år gjekk det fleire ti-talls ras, i 1981 var anntal ras 14, og i 82 var vegen stengd 15 gonger. Og i 1997 gjekk eit stort ras på Røyr som stengde vegen lenge, sa Stavseng.

Anleggsspaden

I 2006 – 07 kom dei fyrste rasmiddlane på plass og med byggestart 5. mai 2009. På heile rasprosjektet har det blitt flytta 10. mill. kubikkmeter stein, åtte rasvollar har blitt bygd, ein betongtunnel på Røyr, ny bru og utsiktsplass på Ljøen, 7.5 km. tunnel og fire kilometer ny veg.

Ved oppstart av kvart av dei tre byggeprosjekta har det blitt nytta ein spade til det fyrste symbolske spadetak, fortalde Arne Ola Stavseng. Spaden hadde han med og bad ordføraren Tryggestad ta i mot og få den oppbevart for ettertida. Ordføraren lova å utføre oppdraget og få den oppbevart på ein dertil eigna plass.

Foreslo å låne ut anleggsspade

Fylkesordførar Jon Aasen tok opp tråden med anleggsspaden i muntre ordelag. –Eg ser at spaden ikkje er utsliten enno så eg forslår at den blir lånt ut til Hornindal og i neste omgang til Strynefjellet.

Også fylkesordføraren kom inn på den historiske delen kring samferdsel i området, med postvegen over Ljøbrekka, dampbåt på fjorden og etter kvart Ljøvegen som kom i 62. Det vart snakka mykje om den lange og snorrette tunnelen som var på Ljøvegen den gongen, og Aasen fortalde at han var berre ein liten gut då familien skulle på biltur for å sjå den store, beine tunnelen. Det vart ein lite triveleg tur for unge Aasen, sa han, for han var uvel på heile turen til Stranda.

Fylkesordføraren var stolt av den nye tunnelen. –I dag opnar ein ny parsell veg gjennom Gudbrandsdalen. Det er stort det, men eg vil påstå at dette er ein like stor dag med rastrygg veg mellom Hellesylt og Stranda, sa Jon Aasen før han foretok den historiske handlinga og opna ein ny Ljøtunnelen.

Sunnylven skulekorps.
Eit felles kor frå Stranda og Sunnylven song mellom anna Nisser og dverge…, leia av Marianne Havsås og med Gunnar Inge Eide på tangentinstrumente.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *