Serverte gryterett til «gamlelærarane»
Då lærarar ved Sunnylven skule kom saman til sosialt førjulstreff vart tidlegare elevar ved skulen hyra inn for å lage matretten.
Lærarane ved Sunnylven skule er stolte av yrket sitt og glade i skule. Og så opptekne er dei av å verne om skule i bygda at dei la sitt sosiale juletreff til Gamleskulen på Hellesylt, berre femti meter unna det rette læringshuset. Der vart det både varmt og stemningsfullt med levande ljos.
Til å lage det gode måltidet var to elevar frå restaurant og matfag ved Stranda vidaregåande skule innhyra. Madelen Selin Frøysadal Hauge og Olene Lade har begge traska ut og inn av klasseromma ved Sunnylven skule, før dei heldt fram på kunnskapsstigen ved Stranda vidaregåande skule.
Det var hjortegryte som var tinga av deira «gamle» lærarar og det fekk dei servert som bestilt til rett tid. Hellesylt.info stakk innom kjøkkenet på Sunnylven skule der dei to kokkeelevane tilbereda hjortegryta.
Fem kilo hjortekjøt, sopp, løk og gulrot, snitta i bitar var hovudingrediensane. I tillegg skulle det kokast og serverast poteter. Arbeidet såg enkelt ut sjølv om vi stilte spørsmål, dei hadde tydeleg vis lært å bruke kniven og behandle både kjøtt og grønnsaker.
Det var andre året dei to gjekk ved restaurant og matfag på Stranda, og til våren var dei begge svartruss. Det heiter så ved denne skulelinja, fortalde dei. Dei kunne søkje om å vere anna russ, men nei, dei hadde alt bestemt seg for at dei blir svartruss til våren.
Både Madelen Selin og Olene har lika seg godt ved Stranda vidaregåande skule, fortalde dei. Mellom dei ni elevane var både eit fint skulemiljø og kjekke lærarar. Om dei ville velje yrke innan matfaget visste dei ikkje enno, men dei hadde gått ein god skule og lært mykje å ta med vidare i livet.
Og hjortegryta som vart servert til deira «gamle» lærarar på Gamleskulen var ein suksess, den smaka fortreffeleg.