Snart i Kongens klær
Kristin Ringdal frå Hellesylt vil utfordre seg sjølv. Frå januar blir ho ein av Kongens grønkledde i eitt år.
Etter at vidaregåande skule var ferdig har Kristin Ringdal jobba både som vikarlærar ved Sunnylven skule og ved omsorgssenteret i bygda. Frå 3. januar satsar ho tøft og litt utradisjonelt for ei jente, ho skal inn i det militære.
Det blir spanande, men eg likar å utfordre meg sjølv litt, seier ho. Og før ho fyller tjue har ho imponert på mange «frontar», som dansar i leikarringen til HUL, ho har vist talent og spela ei lang rad fotballkampar, fyrst for Sunnylven Fotball og seinare på Stranda/Sunnylven sitt damelag i 3. divisjon. Også geværet kan ho å bruke. Etter å ha vore innom skiskyting i Sunnylven IL og lokale renn, skaut ho opp til jaktprøve og felte sin fyrste hjort i haust. Det var artig og ei minnerik oppleving, tykte ho.
Kanskje enno meir spent er ho når ho møter på Sessvollmoen ved Gardermoen ein av dei fyrste dagane i januar. Derifrå går turen til Sætermoen i Troms, til grøn uniform og opplæring og teneste innanfor sanitet. Om ho likar seg i den kongelege drakta og alt går som ho håpar, varer tenesta i eitt år, i alle fall i fyrste omgang.