Solsnubading på Hellesylt

Søndag 18. desember inviterer Badehusstyret i HUL til solsnubading i sjøen på badestranda på Hellesylt.
Nokre dagar før vintersolkverv, på søndag klokka 15.00 blir det julelaug i sjøen på Hellesylt. Då inviterer ungdomslag til solsnubading på badestranda. Også i 2014 hoppa 14 personar i sjøen under eit liknade arrangement og tok ein forfriskande dukkert.
Badehusstyret håper mange kjem også denne gongen og lokkar med varm gløgg og julekaker til alle.
Sola «snur» fyrst onsdag 21. desember og då går det mot ljosare tider igjen. Etter kvart vil vel også badetemperaturen i sjøen stige til meir enn dei 8 -10 gradene som har blitt registrert i desember, men ryktet vil ha det til at badetemperaturen er bedre no enn i sommar!