Song om Sancta Lucia

I alle år på fødselsdagen til den sesilianske helgendama Lucia har elevane i 1. og 2. klasse ved Sunnylven skule gått i tog og framført Lucia-songen for medelevar.
Tysdag 13. desember, same dag som skulen hadde juleverkstad fekk vi møte dei yngste elevane ved Sunnylven skule i kvite kapper og med ljos i hendene. Då toga dei inn i salen der resten av skuleelevar og lærarar var samla og framførte den kjente songen om Sancta Lucia. Ei fin framføring og tradisjon som vart belønna med applaus. Etterpå fekk alle smake lussekattar som dei hadde baka på skulekjøkkenet.
Luciafeiringa er til minne om den sesilianske dama som døde som martyr for lenge sidan. I Norden blir det feira som Sancta-Lucia og som symbol på lyset i den mørkaste årstida. Songen som blir nytta på fødedagen til helgendama Lucia er alltid den same; «Svart senker natten seg i stall og stue, solen har gått sin vei, skyggene truer…»