Lokalnytt

Treng hjelp med utsiktsrydding

Landskap i Sunnylven gror igjen av lauvskog. No vil Hellesylt Næringslag rydde opp.

Hellesylt Næringslag ønkjer hjelp til utsiktsrydding. Mykje av lauvskogen er fyringsved som ryddarane får behalde.

Hellesylt Næringslag fekk av Fylkesmannen i Møre og Romsdal tildelt 245.000.- kroner i tilskot til utsiktsrydding i Sunnylven. No ønskjer laget hjelp til å få vekk skog og kratt på fleire stader både kring Hellesylt sentrum og mot Bygda frå Korsbrekke til Stadheim.

Det var etter initiativ frå Knut Dag Langeland at Hellesylt Næringslag utforma ein søknad om middlar til skogrydding. Ein godt utarbeidd søknad førte til at Fylkesmannen tildelte Næringslaget eit tilskot på 70 prosent av totalkostnaden som var øvre grense. Øystein Ljøen i Næringslaget synest det er flott at laget fekk så stor støtte, og håper no at dei får utført arbeidet, helst før mai 2017 er omme. Det gror igjen over alt og behovet for fjerning av lauvskog er synleg mange stader, seier han.

Næringslaget har i søknaden peika ut områder for rydding. Sentrale plassar er strekninga Streketunnelen – Helgesvingen, frå Helgesvingen til Høgebrua, ved Kloppene og på begge sider av Hellesyltfossen, frå «Sårheimkrysset» langs elva til Høgebrua, langs bygdavegen i Husøya, frå Åsebrua og oppover, og øya i elva ovanfor Korsbrekkebrua.

Virke som ikkje blir teke ut som fyringsved må ryddast i hop og stubben etter trea skal smørjast med eit middel som hindrar ny spiring. Næringslaget har gjort avtale med ein eigar av fliskuttar der greiner og krattskog blir karva sundt og går til fyring eller tilbake som jord.

Ljøen utfordrar no folk til sjølvhogst og sanking av eigen fyringsved. Dei som høgg får behalde veden sjølve med unnatak av eit området frå Helgesvingen mot Høgebrua. Der ønskjer grunneigar å behalde veden sjølv. Om ein ikkje får utført ryddinga på dugnad, vil Næringslaget leige inn profesjonell hjelp. Frist for ferdigstilling av arbeidet har Fylkesmannen sett til 31. desember 2018, og tilskotet vert utbetalt når sluttrekneskapet er levert, seier Øystein Ljøen som ber alle som kan vere interessert i ein skogryddejobb ta kontakt med han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380