Lokalnytt

Triveleg førjulstreff mellom pensjonistar.

Ute regna det, men inne fekk medlemmar i Sunnylven Pensjonistlag eit triveleg førjulstreff.
Ute regna det, men inne fekk medlemmar i Sunnylven Pensjonistlag eit triveleg førjulstreff.

Tidleg i desember var medlemmer i Sunnylven Pensjonistlag samla til sitt årlege julebord med program. Det vart velsmakande og ein triveleg ettermiddag.

Når jula nærmar seg set medlemmane i Sunnylven Pensjonistlag seg stemne til program, lotteri og ikkje minst velsmakande julemat av fleire slag.

Julestjerner og juletre var på plass då kring 80 av laget sine 113 medlemmer samla seg i Sunnylven kyrkjelydshus onsdag. Der ønska leiar i laget Astrid Langeland alle vel møtt. I dikt og med ord til ettertanke minte ho om at det var midt i adventstida og dei to fyrste adventsljosa var kveikte. No stunda det til jul, både for dei som hadde ei sorg å bere, og for dei som hadde glade hendingar å tenkje tilbake på. For leiaren var jula høgtid og kveikte mange gode minner, ikkje minst når julemiddagen skulle inntakast, sa ho og røpa at med raudebrusen i glaset til julemiddagen då kom barnet i pensjonist-Astrid fram. Astrid oppmoda alle om å vere rause med kvarandre, både i ord og gjerningar.

"Husorkesteret" under førjulstreffet spela både til allsong og underhaldning. Frå venstre: Knut, Hallvard, Bjarne, Oddmund.
«Husorkesteret» under førjulstreffet spela både til allsong og underhaldning. Frå venstre: Knut, Hallvard, Bjarne, Oddmund.

Juletreffet til pensjonistlaget vart ein triveleg ettermiddag med fleire gode programinnslag. Knut, Halvard, Bjarne og Oddmund i Halvards kvartett sette stemninga med song og musikk frå gamle noteark, og Inghild Storstein las forteljinga om «Klokkene frå Betlehem». I tillegg hadde ho leita fram Norges Ungdomslag sitt julehefte «Jul i Bygda» der Karl Kristian Langeland hadde bidrege skriftleg med ei skildring frå heimbygda som han hadde kalla «Eit lite stort juleeventyr».

Praten gjekk lett kring julepynta langbord og drøsen heldt seg oppe også under det velsmakande måltidet der det aller meste var på plass. Og det var høve til meir enn ein runde for påfyll av pinnekjøt, ribbe, pølse, surkål og meir. Også karamellpuddingen og krumkakene til kaffien etterpå var av ypperste slaget.

Margunn Eide fortalde om prosjektet i Mongolia og viste fram av produkta.
Margunn Eide fortalde om prosjektet i Mongolia og viste fram av produkta.

Margunn og Ingar Eide har jobba to og eit halvt år med eit prosjekt i Mongolia. Fjellandet er kaldt, men rikt mellom anna på sau og ull. Prosjektet vart toving av ull til produksjon av tøfler. Margunn Eide med slektsrøter frå Hellesylt, fortalde om arbeidet og viste lysbilete frå fjellandet i Asia der prosjektet hadde resultert i at hundre familiar no hadde si årsinntekt frå toving og produksjon av ulltøfler. Produkta kan kjøpast i Norge frå fleire butikkar rundt om i heile landet.

Sunnylven Pensjonistlag si julesamling vart avslutta med tombola. Eit variert og rikhaldig gevinstbord fekk festlyden til verkeleg å opne lommeboka, for heile 468 årar vart selde. Dei fleste drog heim med gevinst frå ein av dei største tombolaene i laget si historie.

Og omkvedet etter juletreffet frå mange i festlyden var; Dette var ei kjekke stund!

Inghild Storstein t.v. las forteljingar og Astrid Langeland leia ein triveleg pensjonistfest.
Inghild Storstein t.v. las forteljingar og Astrid Langeland leia ein triveleg pensjonistfest.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380