Vann Julequiz

Don`t Hassle The Hoffs vann Jule-Quiz på Peer Gynt galleriet 4. juledag, knepent før Under Kopen og med Hole gongar Fem på tredje plass.
Heile 120 personar, eller 21 lag stilte til knivskarp kunnskapstevling og Jule-Quiz på Peer Gynt galleriet, Hellesylt 4. juledag. Det måtte til finrekning og halvering av poenga for å kåre ein vinnar, men etter 40 spørsmål vart Don`t Hassle The Hoffs utropa som vinnar, eit halvt poeng føre det frykta og alltid pallkjempande Under Kopen. På tredje plass kom Hole gongar Fem.
Quiz-master Arild Ringdal og medhjelpar Egil Røyrhus hadde lagt opp til to omgongar med 20 spørsmål i kvar. Spørsmåla var ei blanding av «hummar og kanari» som Quiz-masteren brukar å kalle det, sport, politikk, geografi, litt lokalt og elles allmenn kunnskap. God leiing og spørsmål for alle aldersgrupper.
Vinnarlaget vart premiert med ein pengesum, og i tillegg vart det trekt ut fleire gåvepremiar konfekt og sjokolade mellom dei frammøtte.
Resultat:
Don`t Hassle The Hoffs | 35 |
Under Kopen | 34.5 |
Hole gongar Fem | 29.5 |
Over Coopen | 26 |
Gånglaget | 24 |
Nest-Øvst | 23 |
The Beauty And The Beast | 22.5 |
Anniken & Co | 22 |
Rese-Lars | 22 |
Dei Som Egentlig Vann | 21 |
AA-laget | 21 |
Peder Rosenkrantz | 21 |
Innertier | 20,5 |
Feriekameratane | 20 |
Damer På Vift | 20 |
Vintergjestane | 20 |
Sunnelven Utflyttarlag | 19 |
Brekke / Korsbrekke | 18 |
Gro Og Disiplane | 16 |
Red Devils/Snutne Damer | 15 |
Vi Som Trekk Ned Snittalderen | 14 |