1982: GODT ARBEIDSÅR FOR HELLESYLT U.L.

Det gamle styret i Hellesylt UL måtte sjå at berre eit fåtal fann vegen til årsmøtet. Frå venstre: Asle Fivelstad, Tor Tryggestad, Solveig Kjellstad, Inge Røyrhus, Brit Hellesylt Hauge og Odd Arne Langeland.

Hellesylt Ungdomslag har avvikla årsmøtet sitt og kan sjå attende på eit år med god og variert aktivitet, sjølv om det økonomisk har blitt eit mindre underskot.  Ungdomslaget har difor fortent betre enn at berre ei handfull medlemmar møtte fram til årsmøtet. Dette særleg på bakgrunn av at laget står fram for løysinga av betydelege oppgåver, både når det gjeld badehuset og eit eventuelt tilbygg til Samfunnshuset. Inge Røyrhus går på eit nytt år som formann i laget.

Årsmeldinga som vart lagt fram, syner stor og allsidig aktivitet siste året. Det har mellom anna vore halde 13 styremøte og skipa til 6 dansefestar. Desse festane gav imidlertid eit underskot på rundt kr. 10.000,-

Betre oppslutning har det vore om dei andre tilskipingane til laget. Vinterleikfesten samla såleis mange tilreisande frå Sunnmøre Frilynde Ungdomslag saman med bygdefolket. Her synte HUL spelstykket «Skjærgårdsflørt». Karneval for born og vaksne var og populært, med mange tilstades og premiering av dei beste kostyma.

Grendakvelden samla fullt hus. Siste året var det sjøarane som stod for opplegget. Ungdomslaget har elles skipa til labbedansar for skuleungdomen, og eit leikkurs, der  Erling Flem instruerte.

To teater har vitja laget. UL Ivar Aasen var her med spelstykket «Dei siste Maksværingar», og Teatret. Vårt synte »Til Mariann.

Til 17. mai lukkast det ikkje å få til eit skodespel, og det vart i staden laga til eit samansett program.

Den tyske gruppa «Klingende Windrose» gjorde så stor lukke då dei synte programmet sitt på samfunnshuset, der Angelika Fivelstad var programleiar.

Og 4. juledag var det klart for ny publikumssuksess for HUL-teatret, denne gong med spelet «Vi klara  oss so gøtt vi kan». Over 350 var til stades den kvelden. Likeeins såg den tradisjonelle nyårskvelden saman med Hornindal ut til å bli vellukka, heilt til røykbomber vart sleppte framfor inngangsdøra, og festen måtte avbrytast.

Både årsmelding og rekneskap vart godkjende utan merknad. Rekneskapen synte siste året eit underskot på rundt kr.5.000 som då skuldast nokre av dansefestane som nesten ikkje samla folk. I samband med rekneskapet vart det og stilt spørsmål om kor vidt ein burde skipe til så mange dansefestar, når det økonomiske var så usikkert, og når det føl ein del bråk med festane også.

OPPGJER FOR «FOSSEDUR».

På årsmøtet vart det orientert  om arbeidet med å rive «Fossedur». Som kjent vart rivingsarbeidet sett vekk til tre privatpersonar, og kommunen har no godkjent rivings- og planeringsarbeidet. Men oppgjeret for huset har late vente på seg. HUL skulle ha ei erstatning frå kommunen på kr. 120.000, og etter purringar vart dette ordna først 20 januar i år.

BADEHUS-SAKA

I fjor vart det lagt ned ein del førebuande arbeid i samband med at ein vil freiste å få rusta opp badehuset. Men den nemnda som vart vald for å ta seg av arbeidet vidare, har ikkje halde møte, så saka står eigentleg på staden kvil. Grunnspørsmålet er derimot ordna. Steinar H Ringdal har på vegne av HUL forhandla med grunneigaren, som har sagt seg viljug til å inngå ei leigeavtale på 40 år. Ein kan då søkje om statsmidlar til opparbeiding av området. Kommunen har også overført festeretten til grunnen til Hellesylt UL.

Ved vala på årsmøtet fekk hovudstyret denne samansetjinga: Formann Inge Røyrhus, nestformann Odd Ame Langeland og sekretær Solveig Kjellstad. Vidare Tor Tryggestad, Turid Tryggestad, Anvor Tryggestad,  og Arild Ringdal. Varafolk: Kari Bente Ringdal, Åse Karin Ringdal og Kari Irene Nybø.

Teatergruppe: Asle Fivelstad, Asbjørn Saarheim, Turid Tryggestad og Leif Egil Aasen.

Valkomite: Tor Tryggestad (kallar saman), Turid Tryggestad, Asle Fivelstad og Elsa Ljøen.

Badehusstyre: Arild Ringdal ( kallar saman), Ingebjørg Sårheim Fivelstad, Einar Stokke og Kristi Ringdal

Representantar til samfunnshuset: Elsa Ljøen, p.v: Erling Ljøen, Leif Egil Aasen, p.v. Oddvar Tynes, Tor Tryggestad, p.v. Odd A Langeland, Kari Hauso Stadheim, p.v. Ann Janne Hole, Inge Røyrhus, p.v. Bodil Åsen Fannemel.

Leik og gammaldans: Elsa Ljøen og Arnfinn Tryggestad.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen, nr 3. 5. februar 1982.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info