Åpningsrenn Sunnylvscup på ski

Onsdag 11. januar er det klart for fyrste renn i Sunnylvscup på ski 2017. I alt fem renn blir arrangert for alle aldrar, men tre er nok for å få premie tysdag 11. april.
Rennet onsdag har start klokka 17.30 utan tidtaking, med tidtaking kl. 18.30 og går i fristil. Det er fellesstart klassevis for alle f.o.m. 12 år.
Ta med startkontingent kr. 100,- til fyrste rennet, og gjerne startnummer frå tidlegare år om De har, oppmodar skigruppa.
Skigruppa har sett opp hjelparar til avvikling av renna. I morgon onsdag er desse oppsett:
Knut Dag Langeland ( gruppeansvarleg ), Jorun Trøen, Silje Stadheim, Karl Johan Espe.
Kiosk :
Erna Hellebostad, Hanne Kvamme (ta med vaffelrøre av 2 liter mjølk og ei kanne kaffi kvar) .
Frå styret :
Hans Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Gisle Aaland.
Tidtaking frå 3. klasse ( ynskjer ein ikkje tidtaking får ein registrert rennet ved å gå same distanse ).
Velkomne til kjekke kveldar i Hyttehola !
Skigruppa i Sunnylven IL:
Hans Hole tlf. 41695602
Linn Kammen tlf. 90827196
Anniken Hjellbakk Hole tlf. 98832326
Fredrik Helset tlf. 90661200
Gisle Aaland tlf. 93480833