Lokalnytt

Årsmøte i HUL

Skulekorps, barneleikarring og lurblåsarar stilte på og gjorde besøket til Queen Elisabeth på Hellesylt 18 juni i fjor til ei minnerik oppleving for cruisepassasjerane. (Foto frå arkivet)

Hellesylt Ungdomslag har halde årsmøte med val og behandling av årsrapportar og rekneskap. Alle vedtak vart gjort samrøystes.

Som vanleg vart det lagt fram fyldige årsmeldingar både frå hovudstyret og undergrupper då HUL heldt årsmøte 20. januar. Også rekneskapen viste solide tal. Med kontantar og andre eigendeler er Hellesylt Ungdomslag ei millionbedrift.

Aktiviteten har vore stor også i 2016 og spesielt hadde barnelaget og leikarringen der eit aktivt år. De vart fleire danseoppvisningar både i og utanfor bygda, og ikkje minst for cruiseturistar på kaia på Hellesylt. Det vart godt motteke og frå kapteinen på cruiseskipet Queen Elisabeth kom det flott takkeskriv etterpå. Laget var også med på innspeling av filmar om folkedans, eit vellukka prosjekt som hadde filmpremiere med raud løpar og sprudlevatn i glas med høg stett på Tronstad Grendahus 2. november.

Hellesylt.info har omtala dei fleste arrangement til laget tidlegare, men vi les frå årsmeldingane om grendakveld i mars med Dalarane som programskaparar, deltaking under 17.-mai feiringa og under Hellesyltdagane. HUL var også i 2016 ansvarlege for det alltid like populære Andesleppet i Hellesyltfossen, og tilskipar av kyrkjekonserten saman med soknerådet.

Under Hellesyltdagane 7. juli er det ny konsert i Sunnylven kyrkje med artist Maria Haukaas Mittet.

HUL tok på seg innsamlinga til TV-aksjonen i fjor, og var aktiv med sal av Jul på Sunnmøre og 87 eksemplar. Laget gav også støtte til kjøp av taxi-syklar til Sunnylven omsorgssenter med 5.000.- kroner.

Hellesylt Ungdomslag hadde ein nedgang i medlemstalet siste år på 20 til 116 betalande. Av desse var 54 under 26 år og 62 over 26 år. Medlemskontingenten for 2017 vart vedteken uendra. Familiemedlemskap er 500.- kroner.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380