Dagen aukar i januar

I Midt-Norge aukar dagen med mellom 2.0 – 2.5 timar i Januar. Og i Sunnylven er sola tilbake mange stader.
Det går mot ljosare tider i Sunnylven igjen, sola har vist seg fleire stader og dagane i januar blir lenger med vel to timar i følgje almanakk for Norge.
På Hellebostad kom dei fyrste solstrålane i det nye året tidleg i januar. Også i Langedalen kan ein oppleve sol på skyfrie dagar. Og sjølv om januar skulle vere ein «streng» vintermånad, har temperaturen dei fyrste dagane godt med pluss, opp til ni varmegrader. Det er berre å glede seg på vår og sommar.