Deltok i Holmenkollen
Inger Ringdal Sæter og Trygve Aaland Tryggestad deltok i Holmenkollen fredag der det er NM i skiskyting for junior og NC skiskyting sprint senior.
Løparar frå Nordfjord Team og frå Sogn og Fjordane skiskyttarkrins hevda seg godt under konkurransane i Holmenkollen fredag der NM junior og NC sprint for senior vart arrangert. Der deltok også Inger Ringdal Sæter og Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven IL med fine plasseringar. Aller beste lokale løpar vart Vegard Skrede, Hardbagg IL med 2. plass og sølvmedalje i kl. M18 år.
Inger Ringdal Sæter i K17 år vart nr. 21 på NM sprint (1-3), også det ein flott prestasjon i den skarpe konkurransen.
Trygve Aaland Tryggestad deltok i Norgescup (NC) sprint for senior og vart nr. 43 (0-3)
Laurdag er det NM normalprogram for både junior og senior, og søndag er det NM stafett for junior.