Eldar Vågan kjem til Hellesyltdagane!

Eldar Vågan (pressefoto).

Sommardagar på Hellesylt melder i dag på si Facebookside at Eldar Vågan kjem til årets sommardagar. Han skal halde show med musikk og prat på søndagen. Vågan er kanskje mest kjent som låtskrivar og gitarist i Vazelina Bilopphøggers, men han er også illustratør, har delteke i filmar/reklame og Zebra Grand Prix.

I år deltek han i det kjente programmet «Hver gang vi møtes» på tv2, der kjente artistar covrar kvarandre sine songar.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info