Folkemøte i Sunnylven om skulestrukturen

Sunnylven skule, teken i bruk hausten 1973.

I Sunnylven blir det folkemøte om skulestrukturen i Stranda torsdag 2. februar, melder Stranda kommune på si nettside.

I haust vart arbeidsgrupper oppretta i Sunnylven, Liabygda og Geiranger i samband med arbeidet rundt skulestrukturen i Stranda kommune. Tidlegare er det halde folkemøte i saka i Liabygda og Geiranger, og torsdag 2. februar er turen komen til Sunnylven.

I innkallinga heiter det at på møtet vil det bli orientert om;

*arbeidet som pågår og bakgrunnen for oppdraget

*drøfting og innspel til arbeidsgruppa for vidare arbeid

*ordet fritt

Ordførar, rådmann og kommunalsjef blir med på møtet som blir halde i gymmsalen på Sunnylven skule 2. februar kl. 18.00.

Alle er velkomne å møtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380