Går Nyttårsrennet på Molde

J-15 i Trollstigen Opp 2016. Frå venstre Kristine Hjellbakk Hole, Anette Nilsen, Utleira IL, Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL, Ida Larsen Brettereit, Utleira IL. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL stiller til start under andre renn i SBM-Cup 2017 ved Skaret skisenter, Molde.

Laurdag 7. januar inviterer Molde og Omegn Idrettsforening til Nyttårsrenn og andre renn i Sparebanken Møre Cup 2016/17. Langrennet ved Skaret skisenter går i klassisk stil, alle klasser og normaldistanse.

Langrennsbygda Sunnylven IL stiller med berre ein deltakar. Det er Kristine Hjellbakk Hole som er påmeldt i jenter 15 år over 5.0 km. Rennet på Molde er det andre i SBM-Cupen 2016/17. Det fyrste var Trollstigen Opp i september der Kristine var suveren i si klasse. Distansen på 5.0 opp bratta gjorde ho unna på 28.37, 1.40 minutt føre neste løpar i same klase.

På snø tidlegare i vinter har det blitt nye sigrar både på Bjorli og i Rindal. Om det klaffar med ski og smurning på Molde laurdag kan det fort bli enno ein siger for Sunnylven IL sin beste langrennsjente.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380