Glatt ved Hellesylt

På fylkesveg 60 ved Hellesylt hadde to større bilar problem grunna glatt føre onsdag.

I stigninga ved Hellesylt Vandrerhjem vart ein trailer ståande fast kring kl. 15.00 onsdag. Det danna seg fort køar av bilar, også ei ambulanse vart hindra i å kome forbi. Men etter kort tid fekk traileren hjelp og trafikken gjekk normalt.

Også på fylkesvegen ved byggefeltet på Reset sklei ein trailer i grøfta . Her kunne trafikken passere.

Alle foto frå meldar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380