Gode skyteresultat av sunnylvingar
Sunnylvs-skyttarane markerte seg sterkt i innendørsstemna til både Engesetdal og Skodje skytterlag og Hildre og Brattvåg skytterlag.
Tekst/foto: Rune Tryggestad
Skaut 250.
I klasse eldre rekrutt i Engesetdalen sette Kristian Frøysadal Hauge ny pers med toppresultatet 250 poeng og vann klassa.
Isak Frøysadal Hauge i kl. rekrutt vann si klasse med gode 247 poeng. Ørjan Frøysadal Hauge vart nr. 5 kl. rekrutt med 241 poeng. Den fjerde skyttaren i Hauge-familien som deltok i skytekonkurransen var Dag Andre, far til dei tre rekruttskyttarane. Han vart nr. 7 i kl. 4 med 236 poeng.
Oddmund Fivelstad deltok i KL V/73. Han kom på 5.plass med 246 poeng.
I Hildre og Brattvåg sitt stemne vart det Isak som vart best av Hauge-skyttarane. Andreplass med 247 poeng og rangert bak på sentrumstiarar med lik poengsum som vinnaren i kl. rekrutt. Ørjan vart nr. 5 med 242 poeng i same klassa. Kristian i kl. eldre rekrutt vart nr. 5 med 245 poeng. Dag Andre vart nr. 11 med 220 poeng i kl. 4 senior.
Stort stemne på Hellesylt
I veke to i januar er det fem stemner som blir arrangert frå tysdag til søndag. Blant anna på heimebane på Hellesylt skyttarstadion der laget har ca. 20 eigne skyttarar av 111 påmelde. Det er også stemne på Stranda og tre stemner i Nordfjord.