Innbyding til bedriftscup i miniatyrskyting

Frå opphaldsrommet kan ein følge med på skytinga via tv-skjermar.

Sunnylven skyttarlag inviterer interesserte lag, organisasjonar og bedrifter til bedriftscup i miniatyrskyting vinteren 2017.

Skyting er ein idrett som passer for alle , og Sunnylven skyttarlag har aktive skyttarar i alle aldersgrupper.

Her kan alle, både kvinner og menn, på alle alderstrinn delta!

Skytinga vert organisert slik:

Skytinga vil finne stad på miniatyrbana til Sunnylven skyttarlag på Hellesylt på onsdagar i vinter.

  1. Runde 01.02
  2. Runde 15.02
  3. Runde 08.03

Finale 22.03

Kvar bedrift/lag kan delta med eit eller fleire 3- manns lag.

Det vert skote 3 rundar der dei 2 beste kveldane for laget vert teljande. Det vert skote 25 skot pr. kveld.

Det heile vert avslutta med finale den 22. Mars

 SKYTEPROGRAM

kl Jr,1,kl 2, v55,v65,v73 : 5×5 skudd ligg

kl 3,4,5 : 2×5 skudd kne 3×5 skudd ligg

skytetid er 3 minutt pr serie

Det kan ikkje nyttast spesialutstyr som

skytejakke/bukse av skinn/kanvas, skytehanske eller skytesko.

Ankelpølle, skytebrille, skytelue/skjerm og jakt/skihanske er tillatt.

Deltakarane skal ha tilknyting til bedriftene/organisasjonen dei representerer.

Dei 2 beste poengsummane for laga vert teljande for kvalifisering til finalen.

Skyttarlaget låner ut Sauer til alle deltakarar. Skytetider og resultatlister vert lagt ut på skyttarlaget si heimeside www.skyttar.no

PÅMELDING

Påmelding til

Sunnylven Skyttarlag

6218 Hellesylt

E-post : sunnylven@skytterlag.no

Tlf 409 18 671

Påmeldingsfrist Fredag 29.01.2017

 Deltakaravgift 600,- pr. lag.

Deltakaravgifta inkluderer ammunisjon for alle rundane.

Vi håper i kan møtast nokre fine vinterkveldar på skytebana ved Hellesylt stadion

Helsing

Sunnylven Skyttarlag

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380