Kraftutbygging kan gje hydrogenproduksjon

Nye konsesjonar for kraftutbygging i Sunnylven kan føre til produksjon av hydrogen som energi.
Stranda kommune er og kan bli ei betydeleg kommune som kraftprodusent om NVE imøtekjem fire nye konsesjonssøknader. Og eit prosjekt med utgreiing av moglegheiter for produksjon av hydrogen er no i gong.
I lag med fleire samarbeidspartnarar vart det i fjor søkt KLIMASATS-ordninga om støtte til arbeidet med eit prosjekt for produksjon, bruk og lagring av hydrogen, eitt av framtidas viktige drivstoff. Søknaden vart av Miljøverndepartementet imøtekomen med 250.000.-
Hydrogen til ferjedrift
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal jobbar også med denne saka der overskotskraft frå småkraftverka i Sunnylven kan gå til produksjon av hydrogen.
-Utnytting av hydrogen er i fyrste rekke tenkt nytta til ferjesambandet Hellesylt – Geiranger, men vil ev. bli ein kombinasjon av bruk til ferje /buss /biltransport, skriv næringssjef Inge Bjørdal til NVE og etterlyser kor langt konsesjonshandsaminga av fire nye kraftverk i kommunen er kome. I Geiranger er det søkt om konsesjon for Storfossen minikraftverk og i Sunnylven gjeld det tre kraftverk, Langedalselva, Hauge og Røyrhus.
Litt forsinka
Sakshandsamar Brit Torill Haugen i NVE skriv at prosessen er litt forsinka i høve til at den skulle vere ferdig til jul, men at det blir jobba fortløpande med sakene. –Vi vil informere høyringspartane om kva utfallet blir så fort alt er klart, skriv Brit T. Haugen.
Frå før har Sunnylven fire kraftverk som er i produksjon. Med dei som er i drift og dei tre nye det er søkt konsesjon for vil denne delen av Stranda kommune ha ein kraftproduksjon på mellom 110 – 120 GWh.
Nye kraftverk
Dei fire nye utbyggingane det er søkt konsesjon for vil få ein produksjon på 48.45 GWh i ny, rein energi.
Langedalselva kraftverk er planlagt å nytte eit fall på 53 meter mellom inntak på Langeland og kraftstasjon nær Nybø. Det vil gje ein produksjon på 20.40 GWh. Minstevassføring er sett til 140 / 23 l/sek. sommar/vinter. Søkjar og utbyggar er Stranda Energi AS.
Hauge kraftverk vil ut frå søknaden få eit fall på 535 meter frå inntak i Haugedalen til kraftstasjon på Storstein. Rørgata blir 1850 meter lang og skal gravast ned. Produksjonen er berekna til 15.50 GWh med minstevassføring 50 / 25 l/sek. sommar/vinter. Søkjar og utbyggar er Stranda energiverk AS.
Røyrhus kraftverk får eit fall på 62 meter og produksjon 6.95 GWh. Minstevassføring blir 884 / 125 l/sek. sommar/vinter. Søkjar og utbyggar er Røyrhus kraftverk AS (SUS)
Storfossen minikraftverk i Geiranger vil få eit fall på 60 meter, produksjon på 5.60 GWh. Minstevassføringa blir 1800 l./sek om sommaren og 250 l./sek om vinteren. Søkjar og utbyggar er Stranda Energiverk AS.