Lokalnytt

Lokala til ungdomsklubb skal fullførast

Det gamle bilverkstedet på Hellesylt skal no gjerast ferdig som klubblokale.

I mars er det ti år sidan istandsetjing av Verkstedet til lokale for ein ungdomsklubb på Hellesylt starta opp. Bygget vart aldri heilt ferdig den gongen, men no skal siste list og spiker på plass.

Oppstart av lokale og ungdomsklubb på Hellesylt var eitt av fleire tiltak selskapet Hellesylt Vekst starta opp tidleg på 2000-talet. Det gamle bilvekstedet vart aldri heilt ferdig til formålet, men no har Hellesylt ungdomslag teke på seg ansvar for både økonomi og organisering av arbeidet for å få  fullført byggearbeidet. Under årsmøtet i HUL vart det orientert om saka og kvar det heile står økonomisk i dag.

Reguleringsplan

-Det er ti år sidan det vart teke initiativ til å skape aktivitet for ungdom som ønska seg andre aktivitetar enn idrett. Eit veldig bra tiltak, sa Geir Frøysa som orienterte årsmøtet om saka frå starten av og kvar den står i dag. Den fyrste tida vart mykje arbeid gjort på dugnad for å setje bygget i stand som ungdomslokale, men før huset var ferdig tok pengane slutt og det heile stoppa opp. Og reguleringsplanen for området var heller ikkje godkjent den gongen og hindra at tilskot mellom anna frå Møre og Romsdal fylke kunne utbetalast.

No er reguleringsplan for Hellesylt godkjend og Ungdomslaget har fått melding frå fylket at 300.000.- kroner kan overførast.

Manglar 60.000.-

På konto til ungdomsklubben Verkstedet står det ubrukt 83.000.- kroner. Med tilskot frå Møre og Romsdal fylke blir beløpet 383.000.- kroner, minus ei ubetalt rekning frå tidlegare på 130.000.- kroner. Arbeid som må gjerast er ferdigstilling av kjøkken, toalett og ei heis. Eit kostnadsoverslag viser at det vil mangle 60.000.-kroner om alt uferdig skal setjast i stand i Verkstedet, vart opplyst på årsmøtet i HUL.

Årsmøtet slutta seg til at ungdomsbygget Verkstadet vart ferdigstilt. Det var eit flott initiativ som vart starta opp i mars for ti år sidan, og det var ille om bygget vart ståande uferdig, vart sagt av fleire.

Skiping, drift og vedlikehald av ungdomsklubb og lokale vart ikkje gjort vedtak om på årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380