Lokalnytt

Mildver og regn i januar

Her er Bygdaelva ved Stadheimfossen Camping 20. januar.

Regn og mildver førte til mykje vatn i bekkar og elvar i Sunnylven fredag. Dermed vart det flotte skiføret kortvarig glede.

Natt til 20. januar regna det jamt og med høge temperaturar vart snøen fort til mykje vatn.

Vinteren i år har hatt varierande ver med snø, regn, kulde og varmegrader. Slik kan det halde på heile vinteren i følgje erfaringar gamle folk har gjort. Om det snøar på telefri mark ville det bli ein vinter med skiftande ver, vart det sagt.

Men det kan fort bli ei endring, for skal ein tru dei som studerer almanakk for Norge skal heile februar blir kald. Og i slutten av månaden kjem det mykje snø.

Og ser vi litt lenger fram blir det fine sommardagar på Hellesylt under det som heiter Hellesyltdagane 7 – 9 juli. Det var kanskje ikkje overraskande og kanskje treng ein ikkje almanakk heller for å spå det.

Mykje av flatene i Sunnylvsbygda var overfløymde etter mykje regn og snøsmelting.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380