LokalnyttLokalsport

Mykje fotball på stadion i 2017

Eitt av «storlaga» til Sunnylven IL i fjor, i år G12-laget står utan trenar og oppmann så langt til årets sesong. (Foto frå arkivet)

Sunnylven IL Fotball stiller åtte aldersbestemte lag og eitt samarbeidslag for damer når fotballsesongen blir sparka i gong i april. Men eit herrelag senior manglar.

Trenarar og oppmenn for seks aldersbestemte lag er på plass i Sunnylven IL Fotball. For J16 9-ar og G12 7-ar er ikkje alt avklara, men leiar i fotballstyret, Leif Rune Tryggestad håper det kjem på plass snart.

I alt 70 jenter og gutar frå J08 / G08 til J16 og G16 blir med på fotball komande sesong. I tillegg blir det eit samarbeidslag med Stranda IL i damer, slik det har vore dei siste sesongane, opplyser Tryggestad. Men eit herrelag senior har Sunnylven IL ikkje lukkast å setje saman til denne sesongen heller.

Her er laga med trenarar og oppmenn:

J08.05 (9 spelarar) Trenarar: Hanne Kvamme / Gunn Elise Gjeldsvik. Oppmann: Lillian Aasheim

G08.05 (8 spelarar) Trenarar: Ole Arnstein Ringdal / Arild Hole. Oppmann: Oleanne Sjåstad

J10.05 (6 spelarar) Trenar: Knut Dag Langeland. Oppmann: Nanna Muldsvor

G10.05 (5 spelarar) Trenarar / oppmenn: Rita R. Røyrhus / Lisbeth Lervik.

J12.07 (8 spelarar) Trenarar: Madelen S. F. Hauge /Olene Lade. Oppmann: Geir Frøysa

G12.07 (8 spelarar) Trenar: ?? Oppmann: ??

J16.09 (15 spelarar) Trenar?? Oppmann: ??

G16.09 (11 spelarar) Trenarar: Jostein Ringdal / Åse Støverstein Ringdal / Kirsti Frøysadal Hauge. Oppmann: Rolf Fivelstad

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380