Lokalnytt

Ny butikksjef ved Coop Marked Hellesylt

Christina Michelle van der Plas til høgre er tilsett som ny butikksjef ved Coop Marked Hellesylt, etter Camilla Volsdal som sluttar 1. februar.

Ved Coop Marked på Hellesylt er Christina Michelle van der Plas tilsett som ny butikksjef, etter Camilla Volsdal.

Måndag 2. januar starta Christina Michelle van der Plas i sin nye jobb som butikksjef ved Coop Marked Hellesylt.

Den nye butikksjefen er opphaveleg frå Nederland, men har budd mange år i Norge og snakkar språket flytande. Ho kjem frå jobb ved Coop Marked på Harøya der ho har vore tilsett dei siste tre og eit halvt år. Ho har også erfaring frå kontor.

Christina Michelle kom til Hellesylt i snø og regn i romjula og til langt høgare fjell enn ho har vore vand med. Men ho synest staden er vakker og trur ho kjem til å trivast. Ho har blitt godt mottatt av hyggelege kollegaer på sin nye arbeidsstad, seier ho. Ho har også møtt mange kundar alt og gler seg til å blir kjent med fleire som kjem innom for å handle.

Camilla Volsdal sluttar ved Coop Hellesylt 1. februar for å ta over Bunnpris i Brattvåg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380