Ny leiar i Hellesylt Ungdomslag.

Hellesylt Ungdomslag har helde årsmøte og valt ny leiar. Marianne Fivelstad tek over etter Geir Frøysa.
Det vart eit årsmøte med 18 frammøtte medlemer leiar i Hellesylt Ungdomslag kunne ønska vel møtt på Øcal Kafe og Restaurant fredag 20. januar. Her gjekk vanlege årsmøtesaker raskt unna, også val av hovudstyre og undergrupper i laget. Valkomiteen hadde gjort ein god jobb og samtlege vart valde etter innstilling ved aklamasjon.
Marianne Fivelstad tek over dirigentklubba i laget, etter Geir Frøysa som har hatt toppvervet dei siste to åra. Og det er ein røynd leiar eitt av dei største ungdomslaga på Sunnmøre med sine 116 betalande medlemmer fekk ved roret. I alt fire periodar som leiar og mange år i hovudstyre og undergrupper kan Marianne vise til så langt.
Marianne Fivelstad får med seg eit godt mannskap i leiing av Hellesylt Ungdomslag i året som kjem, eit lag med god drift og solid økonomi. I året som kjem ventar ei lang rad arrangement i følgje aktivitetsplanen med kanskje Sunnmørsstemne 8. – 10. september som det aller største. Vi kjem med meir frå årsmøtet seinare.
Val på årsmøtet:
Hovudstyret:
Marianne Fivelstad, leiar, Geir Frøysa, Olianne Sjåstad, Wenche Solli, Kim Sture Flo.
Varamedlemer: Margretha Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Stadheim.
Barnelaget: Wenche Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Lillian Støverstein, Petrin Friestad, Susanne Ringdal
Badehusstyret: Asle Ringdal, Kristoffer Frøysa, Tarjei Korsbrekke, Even Andre Bjørneset, Inge Korsbrekke.
Teaterstyret: Marianne Fivelstad, Torstein Fivelstad, Linn Kammen, Synnøve Sæter, Solveig Espe
Valnemnd: Knut Dag Langeland, Egil Røyrhus, Per Kjell Leite.