Nye cuprenn i helga

Kristine Hjellbakk Hole testar forma mot 15-åringar frå Osloområdet i helga. Her på start (231) i fyrste renn i Sunnylvscup på ski

Laurdag og søndag er det nye renn i Sparebanken Møre Cup. Renna går utan deltaking frå Sunnylven IL.

Komande helg er Osmarka IL og Vistdal IL arrangørar av 3. og 4. renn i SBM-cupen 2017. Laurdag er det fristil og søndag går rennet i klassisk på Vistdalsheia.

Frå Stranda IL deltek Joen Ytredal Schreijer i G8, Sine Willmijn Schreijer i J10 og Hedda Johanne Schreijer i J13. Sunnylven IL er ikkje representert med løparar, for suveren leiar i J15 så langt, Kristine Hjellbakk Hole har prioritert renn i Oslo og Holmenkollen.

-Vi tek turen til Oslo Skifestival for å sjå og føle kva nivået ligg på mellom 15-åringane, seier far Hans Hole. Så langt denne vinteren har det vore lite konkurranse for Kristine Hjellbakk Hole i si årsklasse, men tidene samanlikna med eldre klasser tyder på at stortalentet frå Sunnylven IL har forma inne.

Det er enormt stor deltaking i Oslo Skifestival og dei aller fleste løparane kjem frå klubbar i og kring Oslo.  Laurdag går J15 5.0 km. fristil og søndag same distanse i klassisk.

Neste renn i Sparebanken Møre Cup, det 5. blir arrangert av Sunnylven IL. Rennet går i Hyttehola laurdag 11. februar med start kl. 13.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380