Sara Sæther til krinslagsamling

Sara Sæther med Rasmus Matvik`s minnepokal som ho fekk seg tildelt under premiefesten til Sunnylven Fotball 2016.

Sunnmøre Fotballkrins har teke ut spelarar til tre av fire krinslag i fotball. Sara Sæther frå Sunnylven IL er mellom spelarane på J14.

Sara Sæther har vore aktiv innan fleire idrettar med stor fart både med løpesko og fotballsko på beina. Sist haust vart ho vinnar av Rasmus Matvik`s minnepokal under Sunnylven IL sin premiefest for yngres fotball. No har ho fått plass mellom 24 andre fotballjenter til krinslagsamling.

Jenter 14-laget får Svein Arne Sunde og Eirik Hoseth som trenarar. Sunnmøre Fotballkrins skriv at det er sett opp fleire treningskampar ut over vinteren og våren. J14 spelar slik;

  1. februar, krinslagskamp SFK – NRFK
  2. mars, Abrahallen

23. – 26. mars Østfoldhallen

  1. – 2. april, Østfoldhallen
  2. – 25. juni, Stavanger

https://www.fotball.no/kretser/sunnmore/aktivitet/aktuelt/2017/uttak-til-kretslagastropper-vinteren-2017/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380