Lokalnytt

Skulestrukturen engasjerer sunnylvingar

Torsdag 2. februar blir det folkemøte med tema om «læringshuset» i Sunnylven skal bestå som no eller om det blir endringar.

I haust vart det oppretta arbeidsgrupper i Sunnylven, Liabygda og Geiranger i samband med skulestrukturen i Stranda kommune.

Tidlegare er det blitt halde folkemøte i Liabygda og Geiranger, og torsdag 2. februar er turen komen til Sunnylven. På møtet blir det orientert om arbeidet som pågår og bakgrunnen for oppdraget, det blir drøfting og innspel til arbeidsgrupper for vidare arbeid, og til slutt ordet fritt. Ordførar, rådmann og kommunalsjef blir til stades på møtet i gymsalen, Sunnylven skule torsdag 2. februar kl. 18.00. Møtet er ope for alle.

Foreldre møtte fram

-Saka om skulestruktur og fare for nedlegging av klasser i Sunnylven har engasjert mange. Vi vil behalde skulen vår, den betyr svært mykje både for å oppretthalde busetnaden i denne delen av kommunen, og ikkje minst for eit godt og aktivt ungdomsmiljø, seier leiar i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Sunnylven skule, Anita Langeland.

Nyleg kalla FAU inn til foreldremøte for å orientere og drøfte saka. Til møtet der rundt 50 foreldre møtte hadde FAU laga ein uttale som fekk samrøystes tilslutning.

Fadderordning

I uttalen som vi referere frå i stikkords form blir det peika på fleire ting som blir sett på som viktige argument for å behalde Sunnylven skule i dagens form, ikkje minst blir det blir etterlyst tal for sparte kostnader om klasser blir flytta til Stranda. Sunnylven skule har i mange år hatt ei ordning med utvida skuledag, eit godt tilbod som elevane vil miste. Og om Sunnylven skule blir driven berre som småskule vil faglærarar og læringsmiljøet mellom elevane bli redusert, trur FAU. Blandinga av unge og eldre elevar slik Sunnylven skule har i dag er god, det utviklar ofte ei «fadderordning» mellom eldre elevar og førskuleborn.

Foreldreforeininga framhevar også det fortreffelege samarbeidet med Stranda kulturskule med musikkundervisning i skuletida.

Fell vekk

I uttalen peikar FAU også på fordelen med «leksefri», utvida skuledag. Om elevar skal til Stranda blir det lenger skuleskyss og dermed kortare tid til kultur og idrett som ungdomskor, leikarring, skyting, skulekorps, 4H, skiskyting, Røde kors, langrenn og fotball. –Om ein legg aldri så mykje godviljen til, skjønar ein at dette er tilbod som fell vekk om skulen fer, står mellom anna å lese i uttalen frå FAU-møtet.

-Hellesylt er i ein pressa situasjon med tanke på folketalet. Men å redusere skuletilbodet er å gjere Hellesylt til ein mindre attraktiv stad å bu. Vi vil gå så langt som å påstå at å legge ned skulen, sjølv om det «berre» dreiar seg om eitt eller to av tre klassetrinn, er å starte nedlegging av bygda vår, heiter det til slutt i uttalen frå FAU ved Sunnylven skule.

Ber alle sende inn uttale

Foreldrerådets arbeidsutval ved Sunnylven skule sender i desse dagar ut brev til rundt 50 lag og foreiningar i Sunnylven og ber dei uttale seg om gode og negative sider ved ei skulestrukturendring, fortel leiar Anita Langeland. Ho håper mange engasjerer seg og sender inn sine kommentar. I skrivet står å lese mellom anna;

– Det er blitt utarbeidd tre forslag til skulestruktur ved Sunnylven skule der eit av desse vil bli politisk bestemt, planlagt våren 2017.

Dei tre alternativa er;

*Vere som i dag 1 – 10. klasse skule

*Ungdomsskulen vert flytta til Stranda

*5. – 7. klasse og ungdomsskulen vert flytta til Stranda

Vidare skriv FAU; -Skuleborna får både lang skuleveg og skuledag ved flytting til Stranda. Dei får mindre tid og overskot til fritidsaktivitetar og nedlegging av fritidstilbod. Vi meiner skulen er livsnerven i bygda vår og viktig for å oppretthalde eit rikt og mangfaldig bygdesamfunn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380