Statsråden har svart på DAB-dekninga

Øvst i Sunnylvsbygda, Hole, Parr, Bjørdal, Brekke og Vollset er områder som mister radiodekninga.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge stilte spørsmål i Stortinget kring radiodekning ved overgangen frå FM til DAB. Ho har motteke svar frå statsråd Per Willy Amundsen.

 Jenny Klinge kommenterte svaret slik;

 -Statsråden viser til prosentvis dekning, og det ser jo for så vidt fint ut på papiret. Problemet er at desse prosenttala ikkje tek høgde for at folk lyttar til radio ikkje berre der dei bur, men også der dei ferdast og når dei er på hytta. Når det gjeld beredskapen, er det opplagt at stader som Sunnylven og Hellesylt må ha utmerka DAB-dekning for at dette skal vera akseptabelt. Eg håpar statsråden gir eit kraftig signal nedover i systemet om at dette må koma i orden snarast råd.

 Justis –og beredskapsminister Per Willy Amundsen sitt svar kan du lese her:

(Bruk pilene nederst til venstre i dokumentet for å bla vidare til neste side. Om du ikkje ser pilene så trykk ein gong inne i dokumentet.)

0860_001

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380