Lokalnytt

«Vaktskifte» på Coop`en

Camilla Volsdal til høgre fekk både verbale og andre roser overrakt då ho hadde sin siste arbeidsdag ved Coop Marked på Hellesylt fredag. Også den nye butikksjefen, Christina Michelle van der Plas vart ønska velkomen med gode ord og blomar.

Fredag 27. januar var siste arbeidsdag for Camilla Volsdal på Coop Marked, Hellesylt. No skiftar ho jobb og tek over Bunnpris i Brattvåg.

Det var stor marsipankake i Coop-kroken på Hellesylt fredag. Butikkjeda spanderte kake og kaffi på alle som stakk innom i høve at butikksjef dei siste tre åra, Camilla Volsdal hadde sin siste arbeidsdag. Christina Michelle van der Plas er tilsett som ny butikksjef og tok til i jobben 1. januar i år.

Kanskje var det litt feil å feire at ein mykje omtykt tilsett slutta. Camilla har vore godt likt av kundane, noko Odd Jostein Bjørdal også presiserte då han på vegne av alle på «lukket avdeling» som han kalla Coop-kroken overrekte henne blomster. Han hadde intervjua fleire og samla opp karakteristikkar av butikksjefen som no slutta. Og kommentarane var fulle med go`ord.

Då Camilla vart tilsett meinte fleire at det skulle ha vore ein mannleg sjef, ho var ikkje sterk nok i armane som dame, fortalde han at det vart sagt. Men etter tre år hadde meiningane endra seg, tilsetjinga var eit løft for butikken, ho var flink med blomster, hadde varekunnskap, blid, smilande, venleg, behageleg, godt humør, sjarmerande, og fantastisk kjekk ramsa Bjørdal opp frå meiningsmålinga. Superlativa var med andre ord mange, og ein hadde sagt det slik; Skulle eg gifta meg igjen ville eg valt Camilla. Ein annan ville ikkje svare, men ville fortelje Camilla kva han meinte under fire auge, sa Odd Jostein Bjørdal. Han overrekte fine blomar og eit takkekort frå dei mange «fast tilsette» i Coop-kroken.

Og dei same ønska også den nye butikksjefen, Christina Michelle velkomen til Coop Marked på Hellesylt med blomster og med håp om at ho måtte trivast på staden og i jobben.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380