LokalnyttLokalsport

Vann gull i KM

Elias Helset stod øverst på sigerspallen i G12 under KM skiskyting på Ullsheim laurdag. (Foto: Privat)

Elias Helset, Sunnylven IL vann gull i KM skiskyting på Ullsheim etter feilfri skyting laurdag.

Vanskelege vertilhøve førte til at KM skiskyting vart flytta frå Ålandsleitet til Ullsheim laurdag. I Markane var det som vanleg gode forhold og meisterskapen vart greitt avvikla.

Sunnylven skiskyttargruppe stilte med åtte løparar. Elias Helset gjorde ein flott konkurranse og gjekk heilt til topps og til KM-tittel i G12. Etter feilfri skyting kom han i mål til 10.26. På plassane bak kom Marius Sætre Hove, Volda 11.40, Eirik Tvinnereim, Hardbagg 13.11 og Kristian Lykkebø, Hardbagg 13.56.

Andre resultat for deltakarar frå Sunnylven:

J14: Nr. 6. Johanne Ringdal Sæther

J11: Nr. 5. Nikoline Frøysa Hellebostad

J12: Nr. 4. Lone Ringdal, Nr. 6. Sofie Støverstein, Nr. 8. Hanne Kjellstad

J10: Deltok, ikkje rangert, Sofie Kjellstad

G10: Deltok, ikkje rangert, Trym Helset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380