Vann under KM skiskyting

Nikoline gjekk heilt til topps på Ullsheim (Foto: Marit Hellebostad).

Nikoline Frøysa Hellebostad vann klasse jenter 11 år under KM skiskyting på Ullsheim, Markane laurdag.

Fleire frå Sunnylven IL gjorde det godt under KM skiskyting sprint laurdag. Aller høgast på premiepallen kom Nikoline Frøysa Hellebostad som vann klasse Jenter 11 år. Ho var 41.2 sekund føre Oda Svarstad Hole, Markane IL og med Helene Nærum Wold, Volda Turn og IL på tredje plass.

I alt åtte løparar frå Sunnylven IL deltok.

Resultat her: http://live.eqtiming.no/31478?focusuid=31203#result:99004-0-0-1-1-Sunnylven%20IL

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380