Lokalnytt

Vil drøfte framtida til ungdomsklubb

Bilverkstedet som kan bli lokale for ungdomsklubb på Hellesylt ligg mellom Gamleskulen og den tidlegare Brannstasjonen.

På årsmøte i Hellesylt Ungdomslag blir det orientering og drøfting kring framdrift for fleirbrukshuset Verkstedet og ungdomsklubb på Hellesylt.

Det var i 2008 arbeidet starta med å sete i stand det gamle bilverkstedet på Hellesylt til lokale for ungdomsklubb. Mykje var gjort både av innleigd arbeidskraft og på dugnad, men stoppa opp før det var ferdig grunna ein ikkje godkjent reguleringsplan.

Kostnaden med å sete i stand Verkstedet til fleirbrukshus for ungdom på Hellesylt vart i 2008 berekna til 1.2 mill. kroner. Tiltaket fekk tilsagn om 400.000 i tilskot frå Stranda kommune, 200.000.- frå Gjensidigestiftinga, 300.000.- frå Møre og Romsdal fylke og 60.000.- frå LASS i Noregs Ungdomslag.

No er reguleringsplanen godkjent og Hellesylt Ungdomslag har fått melding frå Fylket om at tilskotet på 300.000.- kroner er klart for utbetaling, fortel leiar i Hellesylt Ungdomslag Geir Frøysa. Laget har fått ansvaret for tiltaket og ønskjer ei drøfting om det kan realiserast. Ein del arbeid på bygget står att, men også ubetalte rekningar frå arbeid som er utført tidlegare.

På årsmøtet fredag 20. januar blir det orientert om kva som er gjort med lokala i Verkstedet, kva arbeid som står att og vidare framdrift for ungdomsklubb på Hellesylt. Arbeid som ikkje er ferdig er toalettavdeling, kjøkken, montering av ei heis og elles ein del kosmetiske ting med listing og måling, seier Frøysa. Han håper mange kjem til årsmøte og med synspunkt i saka.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380