Lokalnytt

Årsmøte i støttegruppa for Sunnylven bibliotek

Skuleelevar og born i barnehagen er trufaste brukarar. I 2013 var elevar frå 1-4 klasse med og utforma bokmerka til Sunnylven bibliotek. (Foto frå arkivet)

Støttegruppa for Sunnylven bibliotek har halde årsmøte. Drifta gjekk i pluss også i 2016 med godt besøk og stabilt utlån av bøker, stod å lese i årsmeldinga.

Sunnylven bibliotek vart opna 2. oktober 2012. Litt seinare det året vart det skipa ei støttegruppe som i fjor talde 40 betalande medlemmer. Støttegruppa har som hovudmål å jobbar for det økonomiske grunnlaget, for utviklinga av folkebiblioteket og for marknadsføring og auka bruk.

Val

Støttegruppa har hatt same styret i alle år med Odd Jostein Bjørdal leiar, Mariann Sundgot Frøysa og Kari Hauso Stadheim styremedlemer. Under val for 2017 sa dei to fyrstnemnde frå seg attval.

Styret for støttegruppa Sunnylven bibliotek er;

Lillian Støverstein (2017-2018), Synnøve Sæther (2017-2018), Kari Hauso Stadheim (2017). Styret konstituerar seg sjølve på styremøte i slutten av februar.

Varamedlemer; Ingebjørg Saarheim Fivelstad (2017-2018), Odd Jostein Bjørdal (2017).

Styrar ved Sunnylven bibliotek er Marit Ljøen.

Unge brukarar

Biblioteket er til vanleg ope for utlån to timar på tysdag og torsdag. Bøker kan også tingast på SMS og bli henta på Coop Marked, Hellesylt, eller Joker, Hellesylt.

Utlånet av bøker har vore godt i 2016, særleg skuleelevar og barnehageborn er flittige brukarar av biblioteket, skriv styret i ei svært fyldig årsmelding.

Nye norske barne –og ungdomsbøker har kome til gjennom Norsk Kulturfond, og som Sunnylven barnehage har nytta i sitt opplegg med «Bibliotek i barnehagen». Som takk for alle kjekke bøkene dei har fått låne skipa foreldrerådet og borna til utekafé i barnehagen og fekk inn 2.887.- kroner som dei gav i gåve til Sunnylven bibliotek.

Rekneskapen viste inntekter av arrangement på vel 6000.- kroner og gåver på til saman 20.665.-. Dei største utgiftene var husleige, kjøp av bøker, lisens Micromarc 3, og ein del inventar. Samla utgifter var 20.358.

Årsplanen

Også arbeidsplan for 2017 vart drøfta på årsmøtet. Heile ti aktuelle tiltak var opplista, mellom anna skal den internasjonale bokdagen 23. april markerast i ei eller anna form, det bør jobbast med å gjere biblioteket enno meir synleg, kanskje gjennom ei brosjyre og plakatar. Det vil også bli vurdert å setje opp «bokkasser» ute på nokre av trimpostane, små bøker med tema om det ein kan sjå og oppleve i naturen, treslag, blomar, andre plantar, fuglar og dyr.

Styret for støttegruppa i Sunnylven bibliotek takkar i årsmeldinga alle god hjelparar og alle som har støtta med gåver, og dei håper på velvilje vidare slik at bygda kan behalde biblioteket.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380