Årsmøte i Sunnylven pensjonistlag

Astrid Langeland t.v. held fram som leiar i Sunnylven pensjonistlag. Her saman med Tonje Liset som serverte fårikål under samkome på eldredagen 1. oktober i fjor. (Foto frå arkivet)

Sunnylven pensjonistlag heldt årsmøte på kyrkjelydshuset onsdag der rundt 60 medlemmer møtte.

Med to nye innmeldingar nyleg har Sunnylven pensjonistlag 114 medlemmer. Laget driv godt, det fortalde både ei fyldig årsmelding og rekneskapen om.

I 2016 var det blitt halde fleire medlemsmøter med både underhaldning og festmåltid som potetball, fårikål og eit julebord med det beste av norsk tradisjonsmat. I tillegg vart det arrangert utflukter for medlemmane, turar til Kalvåg og til Nordfjordeid.

Økonomien i laget er også god der lotteri med åresal på møta alltid er både eit triveleg «underhaldningsinnslag» og ei god inntektskjelde. Men også 5000.- i kulturmiddlar frå kommunen og 10.000.- i gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre i tillegg til rundt 7000.- kroner i medlemspengar gjort at overskotet for 2016 var på ca. 8.000.- kroner.

Val av styre baud ikkje på vanskar denne gongen. Valnemnda hadde hatt lett arbeid og kunne rå til attval for alle tillitsvalde, då samtlege i styre og nemnder tok attval. Vala var samrøystes ved aklamasjon.

Styret i Sunnylven pensjonistlag er;

Astrid Langeland, leiar

Odd Jostein Bjørdal

Mia Sjåstad

Lilli-Karin Ljøen

Oddmund Fivelstad

Håkon Hasle

Styret konstituerar seg sjølve.

Varamedlemer; John Lageland, Ruth Tronstad

Valnemnd; Knut J. Tryggestad, Solveig Høgalmen

Revisorar; Roger Tryggestad, Arnfinn Tryggestad

Under årsmøtet fortalde Astrid Langeland litt om det som styret har sett opp på vårplanen til pensjonistlaget.

* 8. mars er det medlemsmøte på kyrkjelydshuset med servering av kakao og brødskiver med brunost, utdeling av merker for «Den gyldne spaserstokk», og gode råd for å unngå tørrkoking på komfyr.

* 1. april blir det bingo på kyrkjelydshuset.

I mai blir det medlemstur til Ålesund og Atlanterhavsparken

* Og i juni er det planlagt treff med grilling i tunet til leiaren på Øvsthaugen i Langedalen. Med andre ord, mykje spanande i vente i Sunnylven pensjonistlag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380