Årsmøte i Sunnylven samfunnshus

Rune Hole er ny leiar i styret for Sunnylven samfunnshus. Årsmøtet vedtok også å innføre personleg medlemskap i foreininga som styrer «storstova» i Sunnylven.
Rune Hole tek over leiarvervet i Sunnylven samfunnshus, etter Inge Bjørdal som ikkje ønska attval etter seks år som styreleiar. Også Annvor Tryggestad og Bjørn Tryggestad hadde sagt frå seg attval.
Styret i Sunnylen samfunnshus er;
Rune Hole, leiar
Arne Inge Tryggestad
Inghild Storstein
Gunn Tryggestad
Even Andre Bjørneseth
Varamedlemer; Leif Egil Åsen, Olveig Frøysa, Per Ottar Alme.
Valnemnd: Egil Røyrhus, Magnar Hauge, Inge Bjørdal.
Vedtok medlemskontingent
Etter underskot økonomisk i 2015 som skuldast oppussing av kjøkkenet, viste rekneskapen overskot i fjor. Økonomien er likevel stram og foreininga er sårbar om større kostnader skulle dukke opp, meiner styret. Drøftingar kring økonomien tok mykje plass på årsmøtet. For å styrke denne hadde styret eit framlegg om å innføre ei medlemsavgift for lag og organisasjonar, men stemninga på årsmøtet var lita for å innføre dette. I staden vart det vedteke å søkje om gåver/støtte frå lag, bedrifter og andre, og i tillegg innføre ein årleg kontingent på kr. 100.- for personleg medlemskap i foreininga Sunnylven samfunnshus.
Utleigereglar
Årsmøtet gjorde også små endringar i regelverket for utleige av samfunnshuset og gav styret fullmakt til å fråvike vedtekne utleigesatsar i særskilde høve. Reglar for utleige ligg under «Lag og organisasjonar», Sunnylven samfunnshus på denne nettstaden.
«Storstova» i Sunnylven hadde leigeinntekter på vel 90.000.- i 2016. Overskotet i drifta var 42.000.- mot eit underskot i 2015 på 105.000.- etter nyrenovering av kjøkkenet. Sunnylven samfunnshus er bygt i kombinasjon med skulen og har avtale med Stranda kommunen om at kommunen står for utvendig vedlikehald og samfunnshuset for innvendig vedlikehald.