Årsmøte i Sunnylven sanitetslag
Berre ni av Sunnylven sanitetslag sine 53 medlemer møtte på årsmøtet måndag. Kari Hauso Stadheim held fram som leiar.
Det vart attval på årsmøtet i Sunnylven sanitetslag. Kari Hauso Stadheim held fram som leiar, og dei andre i styret er; Solfrid Onsøien Lien, Ingebjørg Saarheim Fivelstad, Hilde Langlo Brekke, Ann Janne Hole.
Varamedlemer til styret vart: 1. Britt Hauge, 2. Anne Marie Hauge Ljøen, 3. Ruth Nygaard Frøysa.
Valnemnd; Ruth Hole Aaland, Ruth Tronstad, Solbjørg Alme.
Årsmelding og rekneskap vart referert og samrøystes godkjent. Gjennom året har sanitetslaget halde tilstellingar med både kurs, servering og fleire andre aktivitetar. Kursdagen med Ellen Beate Wollen som blei arrangert saman med Sunnylven bygdekvinnelag og det opne møtet med forfattar Aud Farstad hadde godt frammøte.
Ti bleiekaker har sanitetslaget delt ut siste året og fleire har fått pengegåver til gode formål. Sunnylven sanitetslag har signert ein beredskapsavtale med Stranda kommune og etablert ei lokal beredskapsgruppe, står å lese i årsmeldinga.
Når det gjeld sanitetslaget sin aktivitetsplan fram over vinteren og våren er det sett opp fleire arrangement. I veke sju er det binding av fastelavnsris, og i veka etter på laurdag 25. februar blir det fastelavnskafé på samfunnshuset. I mars er det medlemsmøte i laget, i april er det innsamling av lopper til loppemarknaden under Hellesyltdagane, og 10 mai går Jentebylgja, eit arrangement i samarbeid med trimgruppa i Sunnylven IL. Sjå aktivitetskalendar på www.hellesylt.info