Både flott og skummelt på karneval

Her er dei største borna i Trollhola med sine flotte og fantasifulle drakter.

Det var kanskje ikkje så fargesprakande, men draktene var meir fantasifulle enn i Rio då Sunnylven barnehage hadde sitt årlege karneval på torsdag.

– Vi vil at alle skal få vere med på karneval i barnehagen så vi prøver å legge det utanom vinterferieveka. Då er gjerne nokre av borna vekke. sa einingsleiar i Sunnylven barnehage, Hilde Langlo Brekke.

Torsdag var alle til stades i barnehagen, både av born og tilsette og i fantasifulle påkledningar. Vi såg både røvarar og politi, fleire skumle personar av damer og menn, og sølvsagt nokre superheltar og agent 007.

I Trollhola hadde dei hatt stolleiken og litt seinare på dag skulle det vere diskotek. Men fyrst skulle posen som hang ned frå taket opnast, det var ein pinjata (spansk) med godteri. Med ein feiekost og eit velretta slag vart den knust og ut ramla det masse godteri som karnevalgjengen delte mellom seg.

I Blåbærtua var det kos i sofakroken og her fekk vi oppleve mykje flott song. Etterpå skulle alle i barnehagen halde fram med pølsefest. –Vi ringde til Ole Ringdal AS og spurde om dei kunne spandere pølse og brød og vi fekk ja. Dei spanderte alt, like velviljuge som alltid, fortalde Hilde.

Pinjataen er knust og godteriet er fanga opp.

Hos dei minste i Blåbærtua var det avslapping i sofaen og song.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380