LokalnyttLokalsport

Best frå Møre og Romsdal i J15

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL. (Arkivfoto)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL kom på fjerde plass under Midt-norsk meisterskap på Inderøy søndag.

Ei gullmedalje frå laurdag og fjerde plass på søndag vart resultata for Kristine Hjellbakk Hole i Midt-norsk meisterskap i langrenn for gutar og jenter 13 år til 16 år.

Grunna lite snø på Inderøy gjekk også søndagens konkurransar i fri teknikk. Distansen for J15 var 1.7 km. Kanskje litt i kortaste laget for godt trena Kristine, men ein fjerde plass mellom 17 andre gode jenter blir nok lagt merke til. Også søndag vart ho beste løpar i denne klassa frå Møre og Romsdal. hellesylt.info gratulerer med flott innsats og profilering av Sunnylven IL.

Resultat:

1.Frida Haugskott, Buvika IL, 4.56.5

2.Louise Ronglan, Ronglan IL 5.00.7

3.Vilde Lerum Storli, Byaasen skiklubb 5.01.3

4.Kristine Hjellbakkl Hole, Sunnylven IL, 5.10.7

5.Jori Vatten, Surnadal IL, Surnadal IL, 5.14.7

6.Malene Gunleiksrud Wold, Strindheim IL, 5.16.3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380