Busskur på plass på Hellesylt

Fredag denne veka kom det opp busskur ved busshaldeplassen på Hellesylt. Ein gledens dag seier Jan Erik Øksvang, frontkjempar for busskur i fire år.
-Hurra, var den fyrste kommentaren frå Jan Erik Øksvang då i ringde og fortalde at no var busskuret for turistar og lokale busspassasjerar på Hellesylt på plass. Ved busshaldeplassen på Hellesylt kan det vere kaldt å vente på buss ute i det fri på dagar med vind og nedbør. Øksvang starta å skrive brev til kommunen for fire år sidan, seier han, og han prøvde å engasjere lokalavisa i saka. No er busskuret på plass.
-At eg fekk ønsket mitt om eit busskur oppfylt er fantastisk. Det må vere ein gledens dag for alle som ventar på bussen, spesielt i dårleg ver. Hels og takk dei som endeleg har fått busskuret på plass, seier ein svært nøgd Jan Erik Øksvang.
Det er Førde sementvare, Førde som har levert busskuret som Statens vegvesen ved Veidekke har bekosta. Fredag vart det rigga på enden av Ole Ringdals plass på Hellesylt. Litt finpuss i framkant står att og det skal Stranda kommune ordne til våren, fekk vi oss fortalt.