Fastelavnskafé laurdag

Fastelavnstreet til Sunnylven sanitetslag, bjørka med dei fargerike fjøra er plassert ute i år. Ein «plakat» som minner om kafeen på laurdag 25. februar.

I morgen laurdag inviterer Sunnylven sanitetslag til fastelavnskafé på samfunnshuset.

Fredag kom fastelavnstreet til Sunnylven sanitetslag, eit bjørketre med farga fjør på plass. I år fekk treet plass ute ved parkeringsområdet mellom dei to daglegvarebutikkane på Hellesylt. Der blir det ståande som ei påminning om fastelavnskafé på samfunnshuset. Eit nytt og «kvikt» innslag i sentrumsgata.

Sanitetslaget byr som vanleg på både lotteri og go`saker for smakssansane. Det blir sal av fastelavnsbollar, kaffi og kaker, og om nokon ikkje har fått besøk av skuleelevar som sel fastelavnsris så blir det også høve til å kjøpe risbukettar. Ei viktig inntektskjelde for laget og som dei deler med elevar som skal på skuletur. Kaféen har ope frå 11.00 til 15.00.

Det blir ikkje sal av store fjør til bjørketreet i år, dei er som sagt alt på plass. Men kjøp gjerne mange snurrelodd på tombola og støtt sanitetslaget sitt arbeid på den måten. Sanitetsdamene ønskjer alle velkomne til god drøs og fastelavnskafé på Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380