Lokalnytt

Fornya minibanken på Hellesylt

Tor Øyvind Høyland t.v. og Paal Wiken monterte nytt utstyr i minibanken på Hellesylt.

Ved Sparebanken Møre si avdeling på Hellesylt vart alt utstyr ved minibanken skifta ut med nytt på onsdag.

Mange minibankar har dei siste åra blir fjerna, men fleire blir også og fornya. Eit Oslo-firma reiser heile landet rundt og skiftar ut gamalt utstyr til fordel for nytt. I det siste har bankar på Møre stått for tur der Paal Wiken og Tor Øyvind Høyland har montert nye betjeningstavler og maskineri ved 30 minibankar. Ytterlegare tre står for tur. Tysdag var dei ved Sparebanken Møre på Stranda og dagen etter på Hellesylt, og om litt er turen komen til Geiranger, fortalde dei.

Hellesylt fekk minibank i 1985 og etter det har utstyret blitt skifta ut to gonger, fortel banksjef Stig Tryggestad. Minibanken på Hellesylt blir brukt heile året, spesielt under store arrangement som Hellesyltdagane i juli er trafikken stor, fortel han.

-Mange bankar går no vekk frå uttak av kontantar og satsar meir på digitale løysingar ved betaling. Også Sparebanken Møre er med i denne utviklinga, men ønskjer også å tilby uttak av kontantar gjennom minibankar. Vi ser gjerne på forbrukarane sine ønske, mellom dei også utanlandske turistar som kjem og brukar våre minibanken, seier Tryggestad.

I Norge var det midt på 80-talet nesten 2200 minibankar, 731 hos forretningsbankar og 1446 hos sparebankar. I 2015 var talet991, 315 hos forretningsbankar og 676 hos sparebankane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380