Friluftskonsert med Elvira Nikolaisen.
Songartist Elvira Nikolaisen blir årets gobit under konserten i Øvre Ljøen Amfi laurdag 8. juli under Hellesyltdagane.
Elvira Nikolaisen har vakse opp med rike musikktradisjoner i sin familie, og var gjennom oppveksten stadig delaktig i broren Emils musikalske prosjekter. Fra bossanova-orkesteret Bouquet som 14-åring, til det meir rocka Royal nokre år eldre vart Elvira en stødig vokalist.
Men det var i 2006 at Elvira slo gjennom for fullt som soloartist. Albumet Quiet Exit gjekk unna i 50 000 eksemplar, og med kjempehitene Egypt Song og Love I Can’t Defend slo Elvira til hos norske platekjøperne og radiolyttarar.
Elvira Nikolaisen gjorde stor suksess med songen Floden I duet med Bjørn Eidsvåg. Norge hadde fått ei ny popprinsesse som i 2008 kom med oppfølgeren Indian Summer. Også singelen The One You Cannot Keep klatra høyt på radiolistene.
I 2013 kom det tredje albummet Lighthouse, et album der Elvira tek store steg videre som artist. Seinare har det blitt mange fleire anerkjente poplåtar frå Elvira Nikolaisen si melodiøse stemme. Konserten i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi, «konsertsalen» innramma i fantastisk natur kan bli eitt av høgdepunkta under sommarhelga på Hellesylt i år.