Gjorde klar fastelavnsris for sal
Det nærmar seg fastelavn og Sunnylven sanitetslag har klargjort årets fastelavnsris for sal.
På onsdag var eit tjue-talls damer frå Sunnylven sanitetslag samla i arbeidsstova på omsorgssenteret for å gjere ferdig årets fastelavnsris, ei av merkevarene til Norske kvinners sanitetsforening. Store mengder bjørkeris vart sett saman til høveleg store bukettar og pynte med fargeglade fjør. Om få dagar kjem skuleelevar rundt for å selje risa som kostar 75.- kroner. Ta vel imot dei, er oppmodinga frå sanitetsdamene.