LokalnyttLokalsport

Godt arrangert langrenn

Det vart eit knallhardt oppgjør om beste tid mellom søstrene Hjellbakk Hole, Sunnylven IL. Anniken t.v. og Kristine bak.

Snømangel i Hyttehola førte til at Sunnylven IL måtte flytte landsrennet/SBM Cup-rennet i fristil til Hornindal skisenter i nabobygda.

Vel hundre løparar i alder 8 år og yngre til senior stilte til start i løypene ved skisenteret i Grendadalen i nabobygda Hornindal. Sunnylven IL hadde fått tildelt landsrennet som også var femte renn i Sparebanken Møre Cup, men snømangel i idrettslaget sitt skianlegg i Hyttehola gjorde at renne stod i fåre for å bli avlyst.

Ved Hornindal skisenter var det framleis bra med snø, så redninga denne gongen vart nabobygda, fortel Gisle Aaland i skigruppa i Sunnylven IL. Der vart det eit flott renn søndag. Han takkar alle som stilte på og hjelpte til, både folk frå idrettslaget i Hornindal som preparerte løyper, og mange frå arrangørklubben. –Vi hadde med rundt 30 funksjonærar fram i Grendadalen, erfarne mannskap som har arrangert skirenn tidlegare. Alt gjekk som planlagt, også sola kom fram og i løpet av ca. to timar var det heile, også med premiering ferdig, fortel Aaland som på vegne av skigruppa gjentek stor takk til alle, også mannskap frå Hornindal IL.

Deltakarar frå Sunnmørsklubbar og nokre frå Nordfjord var godt representert i rennet i tillegg til fleire frå Molde & Omegn IF, Torvikbukt IL og Åndalsnes IF. Løparar frå lenger nord i fylket var ikkje på start.

Arrangørlaget Sunnylven IL stilte med ti løparar. Det vart tre klassesigrar i rennet, Kristine Hjellbakk Hole gjekk eit nytt godt renn i J15, Anniken Hjellbakk Hole vann kvinner senior, og Trygve Aaland Tryggestad sigra i menn senior. Sjå resultatliste annan stad på nettsida.

Alle foto: Rune Tryggestad.

Elias Helset.
Hanne Kjellstad
Kasper Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380