Informasjonsmøte i Seniornett Hellesylt

Frivilligsentralen gjennom Seniornett på Hellesylt inviterer til informasjonsmøte om kurs i bruk av datamaskin.
Etter kvart har det blitt meir og meir vanleg å bruke internett og datamaskin til både informasjon og utføre tenester som betaling av forefallande krav.
Det er Frivilligsentralen som står bak Seniornett og datakurs for eldre. Kurset er gratis fortel Tor Arne Tryggestad som er kontaktmann for Seniornett Hellesylt og veiledarar på datakursa saman med tre andre. For knappe to veker sidan inviterte dei til fyrste kurs denne vinteren, men berre to personar møtte, fortel Tryggestad.
Han trur behovet for å lære data må vere der så no inviterer Seniornett til informasjonsmøte i Sparebanken Møre sitt møterom tysdag 28. februar kl. 19.00.
Seniornett på Hellesylt har også tidlegare halde kurs der deltakarane har lært om bruk av nettbank, sende/motta e-post, tekstbehandling, bildebehandling, opprette og bruke facebook, eller rett og slett berre lese e-aviser eller andre nyhende.
Det er tenkt kurs annakvar veke ut april, og håpet er at minst 10-12 personar melder seg. Ingen kan for lite om data til å vere med, for alt blir forklart frå det å slå på datamaskina til å bruke den, seier Tor Arne Tryggestad. Han håper mange kjem og alle får opplæring ut frå det dei kan frå før.
Om nokon som les om Seniornett Hellesylt og veit om nokon som har interesse av å delta på datakurs så gjer vel og informer vidare.