Lærer spansk på Costa Rica

Inga Elise Vik på surfebrett i Det Karibiske hav. Utruleg kjekt,tykte ho.

Sunnylvstausa Inga Elise Vik har reist til Costa Rica for å lære seg spansk, eit framandspråk som ho synest er spanande. Dei fyrste tre vekene har gått fint med læring, sol, sjø og varme, skriv ho.

Eit lite reisebrev i frå Costa Rica, av Inge Elise Vik

Akkurat i denne augneblinken sit eg og skriv dette reisebrevet. Klokka er halv 11 på kvelden og eg er å finne på soverommet eg har med min costaricanske «familie». Mi noverande adresse er i Santa Rosa, Guanacaste, Costa Rica. Korleis har eg enda opp her?

Vel, eg har alltid vore ganske interessert i språk. Eit språk som særleg har fascinert meg er spansk. Det er eit spanande språk, eit av dei store «verdsspråka». I vår globaliserte verd er det dessutan ein fordel å kunne fleire språk. Eg er dessutan oppvaksen delvis i Fuengirola i Spania, der eg diverre ikkje lærte noko spansk på grunn av at eg gjekk i norsk barnehage og skule. Difor har eg motivasjon for å lære meg dette stilige språket!

Etter å ha fokusert mykje på idrett, gjennom ei aktiv skiskyttarkarriere og etter eit studieår i Lillehammer, så ville eg gjere noko anna. Det er utruleg vanskeleg å finne ut kva ein vil i livet, og å finne den rette utdanninga er til dømes eit val ein bør tenke nøye gjennom. Eg bestemte meg difor for å bruke hausten 2016 på å tene pengar til eit utanlandsopphald. Difor reiste eg 7.januar til Costa Rica for å studere spansk ved EF sin språkskule i surfeparadiset Playa Tamarindo.

Eg er no inne i mi tredje veke, og har bestått A. 1.1, som er nybyrjarnivået. Det har utan tvil vore utfordrande til tider, med tanke på at eg hadde tilnærma null kunnskapar om spansk frå før. Men ein lærar veldig fort når ein bur i eit land der alle pratar språket ein prøvar å lære. Studentane ved skulen kjem frå heile verda. Det same gjeld lærarane, her er lærarar blant anna frå Barcelona, Venezuela, Mexico og sjølvsagt innfødde «Ticos/Ticas». Eg har undervisning ca. 3-4 timar per dag, der ein skuletime varar 80 min. Skulen er ganske ny og har relativt god standard for å vere i Costa Rica, med symjebasseng og område tillaga for sosialt samvær. Elevane bur anten på campus, i studentbustadar rundt skulen, eller i vertsfamilie i nabobyane til Playa Tamarindo.

Sjølve staden er utruleg vakker, lange, lyse strender med palmar og lyseblått hav. Costa Rica er kjend for å ha eit mangfaldig dyreliv. Her er blant anna apar, krokodiller og iguanar for å nemne nokon. Dessutan er Playa Tamarindo eit mekka for surfarar og kan tilby mange typar vassport. Sist helg prøvde eg surfing for fyrste gong, noko som eg tykte var utruleg kjekt! Dagane går fort, og eg går trøytt til sengs, og vaknar tidlig til lydar frå papegøyar, hanar og alt anna folk har i hagane sine. Eg har det veldig bra her og har allereie mange gode minner.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380