Lærte om brødbaking med surdeig

Laurdag inviterte Sunnylven bygdekvinnelag til kurs i brødbaking med surdeig. Mandy Häger frå Stranda var kurslærar.
Sunnylven bygdekvinnelag sitt kurs i det ein må kalle utradisjonell brødbaking no til dags samla 15 deltakarar, alle damer. Dei kom frå Valldal, to frå Stranda og resten frå Sunnylven. På kurset fekk deltakarane lære om bruk av surdeig, korleis ein lagar surdeig og tek vare på den. PÅ kjøkkenet i Lensmannsstova vart det baka to typer surdeigbrød, eit speltbrød og eit rugbrød.
Mandy Häger har adresse Emdalsgjerdet i Strandadalen og jobbar til dagleg som landbrukssjef i Sykkylven. Ho lærte seg kunsten å bake med surdeig for 16 år sidan då ho tok si utdanning ved Landbrukshøgskulen, fortalde ho. Laurdag delte ho kunnskapen med kursdeltakarane i Lensmannsstova på Lillebø.
Til vanleg blir det brukt pressgjær som ein kjøper i butikken ved brødbaking. Med surdeig lagar ein gjærkulturen sjølv av vatn og mjøl. Det er litt meir tidkjevjande å bake brød med surdeig, men det blir eit godt brød på smak og ikkje minst sunnare for kroppen, seier Mandy Häger.
Leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Anne Grete Hjelmeland Hole tykte det var fint å få lære denne gamle måten å bake på. Ho trudde at både ho og fleire på kurset ville prøve seg på denne måten å bake på heime, og ho var nøgd med at så mange deltok på kurset.
