Langrenn i Markane

Anniken Hjellbakk Hole i fint driv mot mål etter 40 km.

Laurdag vart Tverrfjelldilten arrangert med Markane IL som arrangør. Sunnylven IL hadde tre løparar til start.

I klasse J15 – 16 år var Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL suveren vinnar og kom ho i mål på 36.29 over 10 km. Det heldt til tiande plass mellom gutar/jenter, 2.35.5 min etter vinnaren Adrian Flote, Hovdebygda IL

Seniorklassene gjekk Tverrfjelldilten over 40.0 km. Vinnar av turrennet vart Andre Haugsbø, Gaular IL.

I K 20 – 34 år vann Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL suveren på tida 2,03.08.4

Gisle Hallstein Aaland, Sunnylven IL i klasse M 55 – 59 år kom i mål til 4. plass og tida 2.13.54.0

Sjå resultat her: https://www.langrenn.com/resultater-tverrfjelldilten-2017.5958939-397220.html

Alle foto: Hans Hole

Gisle Aaland kom inn til 4. plass i Tverrfjelldilten laurdag.

Kristine Hjellbakk Hole i fint driv inn til siger i J15 på 10 km.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380